Kurs i presentasjonsteknikk med vokalisten og skodespelaren Synneva Erland
Ein dyktig artist må fanga publikum frå første sekund og ha dei i si hule hand heilt til applausen har lagt seg....
- Korleis "eiga rommet"?
- Korleis skapa kontakt med publikum på ein engasjerande og personleg måte?
- Korleis oppnår du ein god dialog, frigjort frå tekniske hjelpemiddel?
- Korleis taklar du nervøsitet før ein viktig presentasjon?
Praktisk workshop med bevisstgjering i kommunikasjon - verbal og nonverbal. Etter mange år på scena har eg tileigna meg stor erfaring i konkrete teknikkar innan stemmebruk, kroppsspråk og kommunikasjon. I kursa mine er eg oppteken av å skapa ei trygg rame slik at deltakarane vågar å utfordra seg sjølv, og dermed utvikla seg som formidlar. Du vil læra praktiske teknikkar som kan brukast umiddelbart. Me arbeider bl.a. med kroppsspråk, stemme, pust, nervøsitet, artikulasjon, struktur og eventuelle tekniske hjelpemiddel.
Kurset passar for alle som skal presentera på jobben; foredrag, samtalar, møte, forhandlingar, salgsjobbar, servicepersonell m.m.
Kurset kan skreddarsys etter kunden sine behov.
Kommentarar frå tidlegare kurs:
"Fantastisk kurs hvor kursleder gir utrolig mye av seg selv. Nyttig med kurs som går i retning personutvikling."
"Opplevde ein god trygghet frå vi kom, kjenner meg klar til å ta nye utfordringar, og prøva alle tipsa me lærte. Godt å sjå at mange slit med same "problem," trur du kunne fått oss til å gjera dei utrulegaste ting."
"Nydelig sang."
Synneva Erland
Kurshaldar, vokalist og skodespelar
med utdanning frå HiA og UiB.
Gir kurs, foredrag og individuell rådgjeving
innan presentasjonsteknikk, stemmebruk og sang.
+47 98 66 70 84
synneva.erland@lyse.net
http://synneva.net/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar